søndag 31. mars 2019
Her sitter dinglehønene på rekke,dei er svært enkle å laga.Eit rektangel på 6"x4" +db.bordvatt i same mål.Sy saman rette mot rette i to sider vatten festast i sømrommet og nebbet blir bretta og lagt i sømrommet.Vreng retta ut og sy for hand siste åpning.Denne saumen går på tvers og silkeband eller garn vert dytta inn og du lagar ein knute nede på beina.
søndag 17. mars 2019
Det nærmar seg Påske og litt gult og nokre fuglar høyrer med .Denne løparen som no berre manglar lukkekant finn du i Quiltemagasinet.Sekken med hestane er sjølvkomponert på eit kurs med Sylvi Ruud.Midt i blinken blokka er også funne i Quiltemagasinet.Eg lagar sirklane med egen sirkelkniv sjå anna bilde på sida her.Utover våren skal eg kosa meg med å sy fleire slike sirkelblokker og bruka gamalt og nytt stoff i salig blanding.Berre sett i gong du og Helsing Ingun.
Abonner på:
Innlegg (Atom)